Bli medlem

Du er velkommen i fellesskapet vårt og velkommen til å engasjere deg på ulike måtar.

Gjest, ven, medarbeidar eller medlem?

Gjest: Ein som kjem innom på besøk, som kanskje har familie her, er innom i samband med dåp, men som ikkje tenkjer å gå i forsamlinga. Me ynskjer å ha mange gjester!

Ven: Ein ven av ØVM er ein eller ei som kanskje trivast i ØVM, men har sin primære åndelege heim ein annan stad. Me ynskjer å ha mange vener!

Medarbeidar: Ein som har sagt: «Eg ynskjer å vere med å bidra. Eg kan vere med å bere arbeidet med dei regelmessige gudstenestenestane. Vedkommande tenkjer òg at dette er den naturlege åndelege heimen hans/hennar, men er av ulike grunnar er han/ho ikkje klar for å verte medlem.

Medlem: Som medlem i ØVM ynskjer du å forplikte deg i fellesskapet med dei ressursane du har tilgjengeleg. Alder, helse m.m. vil kunne hindre ein del andre tenester enn bønetenesta, men medlem kan ein vere. Nokon kan i periodar bidra mykje i ei teneste, i andre periodar mindre. Som medlem ynskjer ein å bidra med givarteneste, for å vere med å bere misjonsarbeidet som forsamlinga er ein del av økonomisk. Eit medlem ynskjer både å ta imot fellesskapet si hjelp til livet med Jesus – og å vere til hjelp for dei andre. Som medlem har ein stemmerett på årsmøtet, og ein kan bli spurt om å stille når det skal veljast styrer og råd.

Samtale

I forsamlinga vår vil vi gjerne ha ein samtale før ein teiknar seg som medlem. Om du kan tenke deg å bli medlem oppfordrar vi deg difor å ta kontakt med pastor/eldsteråd for ein prat om kva medlemskap innebærer. Send epost til: ovm@nlm.no om du ynskjer ein slik samtale!

Innmeldingsskjema

Powered by Cornerstone