Visjon og verdiar

Visjonen vår "Større enn oss"

I visjonen vår ynskjer vi å samle både oppdraget, innstillinga og kallet vårt og sjå det i lys av frelsaren og oppdragsgivaren vår.
Vi trur på og tilber ein Gud som er større enn oss sjølve. Han veit betre enn oss og elskar oss og talar difor til oss. Vi vedkjenner ein frelsar som har kome med ein nåde som er større enn oss, og som dekkjer oss.
Vi vil vere ein del av Guds folk, eit folk som er større enn oss sjølve. Eit fellesskap av menneske som trur på, og tenar Jesus Kristus.
Livet vi lever handlar om meir enn oss sjølve. Vi er kalla til å vere eit folk som lever for noko større (enn oss). Vi vil forkynna hans storverk og leve etter hans vilje i teneste for vår neste både der vi bur og ut over landets grenser.

Verdiane våre

Åndeleg heim

I ØVM kan ein være trygg og høyre til i lag med trussøsken i alle generasjonar. I det store og i dei små fellesskapa vil vi skape ein heim for kvarandre. Her kan den einskilde høyre til med heile livet, gjennom heile livet.
Inkluderande og opne fellesskap: Vi vil være eit fellesskap som er ope for fleire og som raskt inkluderer nye i dei små fellesskapa og i forsamlingas liv, det skal være lett å bli kjend med oss!

Utrustande:

I ØVM vil vi legge til rette for kvar einskilt kristen kan vekse å få ei trygg og aktiv Kristus-tru. Vi vil at gi trusopplæring og hjelp til å forstå betre kven vi er, kven Jesus er og kva han har kalla oss til. Vi vil at ein skal bli utrusta til teneste, få hjelp til å leve trua ut i heimen, på arbeidsplassen og i kvardagane. Vi ynskjer å gi ei bibelfundert, Jesus-sentrert og livsnær forkynning og gi høve til å ta imot sakramenta regelmessig.

Tenande:

Vi vil legge til rette for at kvar einskilt med kan få tene sine trussøsken, og sin neste, både i vårt nærmiljø og i det internasjonale misjonsarbeidet. Vi vil legge til rette for at ein kan tene den verdsvide kyrkja med givarteneste, forbønn og involvering.

Powered by Cornerstone