I tillegg til gudstenestene våre så trur vi det er viktig å treffast i mindre fellesskap. Her er det lettare å dele frå eige liv og kome tettare på kvarandre.
Smågruppene våre er viktige samlingsstader for Bibel, bøn og relasjonsbygging.
Vi har fleire typar smågrupper. Nokre er cellegrupper som har som mål å delast. Andre er stabile bibelgrupper som er opne for fleire. I tillegg til desse er det misjonsforeiningar og andre småfellesskap.
Vi trur at denne typen fellesskap gir noko heilt eige og vil gjerne legge til rette for at du kan ta del i ei smågruppe.
Ta kontakt med nokon i forsamlinga om du ynskjer å vere med i ei smågruppe. Om du er usikker på kven, så kan du ta kontakt med nokon av dei som er i leiinga, for å Vi trur vi har ei smågruppe du kan finne deg til rette i!